Allmenn taksering av eigedomar for eigedomsskatt 2028
Oppdragsgiver: Gloppen kommune
- PlanleggingIngen forhåndskunngjøring
- Konkurranse18.09.2026
- EndringerIngen
- ResultatIkke kunngjort
Beskrivelse
Generell beskriving Gloppen kommune har vedteke ny allmenn taksering av næringseigedomar, våningshus og fritidsbustader etter eigedomsskattelova § 8 A-3 andre ledd. Kommunen har hatt eigedomsskatt på all fast eigedom sidan 2006. Anskaffinga gjeld informasjonstenester og taksering av eigedomar for utskriving av eigedomsskatt i 2028. Det vert bede om tilbod på taksering av eigedomsskatteobjekt i 2027. Takseringa skal gjennomførast etter eigedomsskattelova § 8 A-3 fjerde ledd, der takstnemnda vedtek takstane etter forslag frå takseringsfirmaet. Estimert kontraktsverdi er 2 000 000 kroner. Oppdragsgjevar tek atterhald om avlysing dersom konkurransen fører til vesentleg kostnadsauke samanlikna med budsjettet. Det er ikkje høve til å gje deltilbod. Alternative tilbod vert ikkje aksepterte. Oppdraget skal vere ferdigstilt innan 16.11.2027. Reglar for gjennomføring av konkurransen Anskaffinga vert gjennomført etter lov om offentlege anskaffingar og forskrift om offentlege anskaffingar del I og II, som open tilbodskonkurranse, jf. forskrifta § 8-3. Oppdragsgjevar tek sikte på å tildele kontrakt utan dialog, utover eventuelle avklaringar og rettingar, men kan gjennomføre dialog dersom dette vert vurdert som tenleg. Tilbydarane må difor levere sitt beste tilbod. Oppdragsgjevar nyttar Hyyr som konkurransegjennomføringsverktøy, og anskaffinga vert kunngjord på Doffin. All kommunikasjon skal skje via Hyyr, www.hyyr.no. Spørsmål og svar vert gjorde tilgjengelege for alle interesserte tilbydarar, og spørsmålsstillar vert anonymisert. All kommunikasjon skal vere skriftleg og på norsk. Tilbydarane bør melde frå i god tid før tilbodsfristen dersom dei oppdagar uklarheiter, feil, manglar eller forhold dei ikkje kan akseptere i konkurransegrunnlaget. Oppdateringar, endringar og tillegg vert formidla til alle som har meldt interesse. For innsyn gjeld offentleglova. Oppdragsgjevar pliktar å hindre innsyn i opplysningar som er underlagde teieplikt, jf. forskrift om offentlege anskaffingar § 7-4 og forvaltningslova § 13. Oppgjevne mengder eigedomar er henta frå rapportar per 01.08.2026 og skal leggjast til grunn ved prissetjing. Godtgjersle vert gjort opp etter faktisk utført taksering. Oppdragsgjevar stiller krav om løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande regelverk, inkludert forskrift om løns- og arbeidsvilkår i offentlege kontraktar og eventuelle allmenngjeringsforskrifter. Oppdragsgjevar kan krevje dokumentasjon, gjennomføre kontrollar og setje i verk sanksjonar ved brot. Oppdragsgjevar vurderer at anskaffinga har ubetydeleg klima- og miljøbelastning. Det vert difor ikkje stilt klima- og miljøkrav eller -kriterium, jf. lov om offentlege anskaffingar § 5. Atterhald og avvik kan føre til avvising. Dei skal vere presise, eintydige og gå fram av tilbodsbrevet. Vesentlege atterhald og avvik kan føre til avvising. Elles gjeld avvisingsreglane i anskaffingsregelverket. Tilbydaren ber alle kostnader knytte til tilbodet og deltakinga i konkurransen. Møte med oppdragsgjevar i takseringsarbeidet skal vere inkludert i prisen. Tilbodsprisen skal omfatte alle kostnader ved takseringsarbeidet, mellom anna reise, diett, administrasjon, teknisk utstyr, frammøte, førebuing, gjennomføring, avslutning og møte. Det vert ikkje gjeve tillegg for forhold tilbydaren burde ha teke omsyn til ved prisinga. Taksten frå tilbydaren er rettleiande for takstnemnda. Eventuelle presiseringar eller avklaringar frå nemnda skal gjerast utan tillegg i prisen. Kontraktsvilkår NS 8402 der oppdraget vert honorert etter medgått tid, gjeld for kontrakta, med desse endringane: Kommunen stiller ikkje tryggleik. Betalingsfrist er 30 dagar frå mottak av faktura. Oppdragsgjevar godtek ikkje fakturagebyr. Tvistar skal først søkjast løyste i minnelegheit, elles ved dei ordinære domstolane. Ved forseinking skal det betalast dagmulkt på 2 ‰ per kvartal av totalt honorar ekskl. avgift, minimum 1 000 kroner per kvartal, avgrensa til 20 % av totalt honorar. Før kontrakt vert inngått, skal firmaet ha teikna ansvarsforsikring. Det vert ikkje gjeve tillegg for løns- og prisstiging i kontraktsperioden.
Om konkurransen
Slik det står i kunngjøringen
- Prosedyre
- Åpen anbudskonkurranse
- Kontraktstype
- Tjenester
- Kontraktsperiode
- 16.11.2026 – 16.11.2027
- Rammeavtale
- Ingen/nei
- Oppdragsgivers referanse
- cmtv57tuw000004jyhonkwtb0
- Sted
- Hele Norge
- Regelverk
- https://lovdata.no/eli/forskrift/2016/8/12/974
Frister og innlevering
- Tilbudsfrist
- 22.10.2026 kl. 12:00Fristen er passert
- Tilbudet må stå ved lag
- 60 dager
- Elektronisk innlevering
- Obligatorisk
- Språk
- English, norsk
- Flere tilbud fra samme tilbyder
- Ikke tillatt
- eFaktura
- Obligatorisk
- Elektronisk katalog
- Ikke tillatt
Tilbud leveres i oppdragsgivers verktøy: åpne innleveringen
Kriterier og krav
Tildelingskriterier
- Oppgåveforståing20 %
Slik vurderes det
Under dette kriteriet vurderes tilknyttede krav.
- Tilbode personell, erfaring og referanser20 %
Slik vurderes det
Under dette kriteriet vurderes tilknyttede krav.
- Pris60 %
Slik vurderes det
Pris
- Klima og miljø0 %
Slik vurderes det
Formålet med anskaffinga er taksering av eigedom. Vår vurdering er at anskaffinga har ei uvesentleg klima- og miljøbelastning. Oppdragsgjevar er derfor ikkje forplikta til å stille krav eller kriterium knytt til klima og miljø jf. LOA §5b, tredje avsnitt.
Kvalifikasjonskrav
- Kvalifikasjonskrav som beskrevet i konkurransegrunnlaget
Slik de står i kunngjøringen. De fullstendige kravene står i konkurransedokumentene.
Bransje (CPV)
- 70332300 Tjenesteytelser i forbindelse med industriell eiendomHovedkode
- 75112000 Administrative tjenester for virksomheter
- 79222000 Tjenester i forbindelse med selvangivelse
- 70331000 Tjenesteytelser i forbindelse med fast eiendom til beboelsesformål
- 70332000 Tjenesteytelser i forbindelse med fast eiendom til annet enn beboelsesformål
- 79200000 Regnskaps-, revisjons- og skattemessige tjenester
- 79220000 Skattemessige tjenesteytelser
- 70330000 Forvaltning av fast eiendom på honorar eller kontraktsbasis
- 70300000 Eiendomsmeglervirksomhet på honorar eller kontraktsbasis
Konkurransedokumenter
Lenken er den oppdragsgiveren har publisert. Noen verktøy krever innlogging.
Oppdragsgiver og kontakt
Gloppen kommune · org.nr. 964969124 · Selskapsprofil i Aktie · Oppdragsgiverens side i Anbud
- Kontaktperson
- Gloppen kommune
- Telefon
- 57883800
- Adresse
- Grandavegen 9, 6823 Sandane
- Type oppdragsgiver
- Kommunale myndigheter · Alminnelig offentlig tjenesteyting
- Klageinstans
- SOGN OG FJORDANE TINGRETT
Kunngjøringer og historikk
Kunngjøringer på Doffin
Hver kunngjøring kan åpnes. En endring viser hva oppdragsgiver skrev, og hva som faktisk er annerledes.
Hva som har skjedd
- Tilbudsfristen er passertEndret: frist
Flere anbud fra Gloppen kommune
- Rammeavtale for bedriftshelsetenester · Åpen for tilbud
- Kaffiløysing for Heradshuset, biblioteket og andre lokasjonar · Åpen for tilbud
- Læremiddel til grunnskulen - INSS · Fristen er passert
- Rammeavtale for brannteknisk rådgjeving · Fristen er passert
- FELLESINNKJØP AV LABORATORIETJENESTER FOR ANALYSE AVLØPSPRØVER · Fristen er passert