Søk
Ikke tildelt Avgjort

Opparbeiding av veg og parkeringsplass ved Kvam rådhus og veg/tomter på Tolo i Norheimsund

Oppdragsgiver: Kvam kommune

Doffin
  1. PlanleggingIngen forhåndskunngjøring
  2. Konkurranse08.06.2024
  3. EndringerIngen
  4. Resultat01.11.2024

Resultat

Utfall
Ingen vinner ble kåret og konkurransen er avsluttet.

Fra resultatkunngjøringen 2024-115605, publisert 01.11.2024. Verdier står slik oppdragsgiver har oppgitt dem.

Beskrivelse

KONKURRANSEN ER KANSELLERT.Kvam herad har gjennomgått klagene som er mottekne den 23.09.2024 og 23.10.2024, og har vurdert konkurransedokumenta og evalueringa i lys av desse klagene. På bakgrunn av gjennomgangen, og ei vesentleg utviding av oppdragets omfang, har me kome til at me har både rett og plikt til å avlysa konkurransen.   Kravet i anskaffingsforskrifta til å ha klima og miljø som tildelingskriterium er ei relativt ny føresegn, og Kvam herad har hatt få konkurransar av denne type og omfang. Ved utforminga av konkurransen vart det frå oppdragsgjevar si side arbeidd mykje med å etablere eit tildelingskriterium for klima og miljø som ville gje ein positiv klima- og miljøeffekt, som tilbydarane kunne levera på og som var mogleg for oppdragsgjevar å evaluere på ein tilfredsstillande måte. I konkurransedokumenta er det vist til at det for dette kriteriet ville bli gjort ei «heilskapleg vurdering» av tilboda, men i ettertid ser me at det burde vore endå tydelegare skildra korleis oppdragsgjevar hadde tenkt å vurdera dei ulike delpunkta under kriteriet. Det kan særleg nemnast at drivstoffet HVO100 og vurderinga av effekten av dette har skapt utfordringar ved evalueringa. Dette drivstoffet var ikkje kjent for oppdragsgjevar, og me har heller ikkje tidlegare motteke opplysningar om det i liknande konkurransar. Me har i samband med evalueringa undersøkt ulike fagmiljø og ser at det er variasjonar i vurderingane av CO₂-utslepp knytt til dette drivstoffet. Grunna i at oppdragsgjevar ikkje var kjent med dette på førehand er klimavinst ved bruk av HVO100 heller ikkje omtala i konkurransedokumenta. Difor viste det seg umogeleg å gjere ei føreseieleg evaluering av klima- og miljøgevinsten ved bruk av HVO100.  Dei gjennomførte evalueringane syner at dette er utslagsgjevande for resultatet av konkurransen. Kvam herad kan difor ikkje på ein føreseieleg måte kåra ein vinnar. Utfordringane knytt til forutbereknelegheit og den tilhøyrande uklårleiken i vurderinga av klima og miljø utgjer ein vesentleg feil i konkurransegrunnlaget som ikkje kan reparerast, jf.FOA § 8-4, 4. ledd. Kommunen har med dette sakleg grunn til å avlyse konkurransen etter FOA § 10-4.  Vidare vil kommunen i samsvar med rettspraksis også ha ein plikt til å avlysa konkurransen.  Av omsyn til miljøet har me òg vurdert at overskotsmassane frå denne konkurransen kan nyttast direkte i eit nytt vegprosjekt på Tolo. Dette vegprosjektet er no prioritert som fylgje av politisk trykk, og var ikkje ein del av den opphavelege konkuransen. Dette har endra oppdragsgivar sitt behov og representerer ei vesentleg endring i omfanget av prosjektet og er i seg sjølv ein sakleg grunn til å avlyse konkurransen, jf. FOA § 10-4. Kvam herad vil på bakgrunn av dette avlyse konkurransen og innan kort tid utlyse ein ny konkurranse som vil inkludera vegprosjektet på Tolo.

Kvam herad innbyr interesserte føretak til å gje tilbod på opparbeiding av veg og parkeringsplass ved Kvam rådhus og opparbeiding av veg og tomteareal på Tolo i Norheimsund, Kvam herad.Kvam herad skal utvida parkeringsplassar og endra køyremønster ved rådhuset i Norheimsund. Det skal utførast arbeid med å ta ut både lausmassar og fjell i terrenget rundt og bak rådhuset. Arbeid i grunnen skal verta underlag for ny veg og parkeringsplass. Fjellskjeringar vert etablert og dei skal sikrast.Beste del av sprengstein frå utviding ved rådhuset skal nyttast til underlag for framtidig veg og tomter på Tolo i Norheimsund. På Tolo skal ein fjerne lausmassar i vegtrase og tomteareal i regulert vegtrase. (område som er påkravd for å få plass til stein frå rådhuset)Midlertidige anleggsvegar og transport inngår i arbeidet.Totalentreprenør skal finna eigna godkjent stad til deponering av lausmassar og sprengstein som ikkje skal nyttast i prosjekta. Deponering og gjenbruk av massar er viktige kriteria for byggherre.Fullstendig beskriving av arbeidet fylgjer av kravspesifikasjonen.Prosjektet vert gjennomført som totalentreprise. Prosjektering og utføring av alle arbeider skal utførast etter kravspesifikasjon / funksjonsbeskriving, gjeldande  for veg og va normer og gjeldande norske plan og lovverk. Det skal leggast vekt på handverksmessige løysingar, toleranseverdiar og kvalitet iht. NS3420 i alle deler av entreprisen .Det vil ikkje vera mogleg å gje tilbod på berre deler av oppdraget.

Om konkurransen

Slik det står i kunngjøringen

Prosedyre
Åpen
Kontraktstype
Bygge- og anleggsarbeid
Kontraktsperiode
14.09.2024 – 31.05.2025
Rammeavtale
Ingen/nei
Oppdragsgivers referanse
2024/2374
Sted
Vestland
Regelverk
Anskaffelsesforskriften

Frister og innlevering

Frist for spørsmål
15.08.2024 kl. 12:00Fristen er passert
Tilbudsfrist
30.08.2024 kl. 12:00Fristen er passert
Tilbudet må stå ved lag
3 måneder
Elektronisk innlevering
Obligatorisk
Språk
norsk
Flere tilbud fra samme tilbyder
Ikke tillatt
Alternative tilbud
Ikke tillatt
eFaktura
Obligatorisk
Elektronisk katalog
Ikke tillatt

Tilbud leveres i oppdragsgivers verktøy: åpne innleveringen

Kriterier og krav

Kvalifikasjonskrav

  • "Totale" årsomsetning

    Leverandørens ("totale") årsomsetning for det antall regnskapsår som det anmodes om i kunngjøringen eller i anskaffelsesdokumentene, er som følger: Minstekrav til kvalifikasjonskrav

  • Gjennomsnittlig årsomsetning

    Leverandørens gjennomsnittlige årsomsetning for det antall år som det anmodes om i kunngjøringen eller i anskaffelsesdokumentene er som følger:

  • "Spesifikk årsomsetning"

    Er leverandørens ("spesifikke") årsomsetning innenfor det området kontrakten gjelder og spesifisert i kunngjøringen eller i anskaffelsesdokumentene for det antall regnskapsår det anmodes om er som følger:

Slik de står i kunngjøringen. De fullstendige kravene står i konkurransedokumentene.

Bransje (CPV)

Oppdragsgiver og kontakt

Kvam kommune · org.nr. 944233199 · Selskapsprofil i Aktie · Oppdragsgiverens side i Anbud

Kontaktperson
Øystein Ølmheim
Telefon
56553000
Adresse
Rådhuset, 5600 Norheimsund
Nettsted
www.kvam.no/
Type oppdragsgiver
Kommunale myndigheter · Alminnelig offentlig tjenesteyting
Klageinstans
Hordaland Tingrett

Kunngjøringer og historikk

Kunngjøringer på Doffin

Hver kunngjøring kan åpnes. En endring viser hva oppdragsgiver skrev, og hva som faktisk er annerledes.

Hva som har skjedd

  1. Resultat publisert
  2. Delkontrakt avsluttet uten tildelingEndret: delkontrakter
  3. Tilbudsfristen er passertEndret: frist

Flere anbud fra Kvam kommune

  1. Innsamling, transport og handsaming av slam for Kvam herad · Avgjort
  2. Rameavtale vannmålere · Åpen for tilbud
  3. 26263 Billeasing og biladministrasjon, rammeavtale · Åpen for tilbud
  4. Varmesentral og brønnpark, Strandebarm skule og Tolo varmesentral - 2. gongs utlysing · Avgjort
  5. 26170 Brannmur til IT (x2) · Avgjort

Se alle 70 anbud fra Kvam kommune