Søk
Konkurranse Fristen er passert

E16 Lærdalstunnelen – tunneloppgradering - persontransport

Oppdragsgiver: Statens vegvesen

Doffin
  1. PlanleggingIngen forhåndskunngjøring
  2. Konkurranse25.03.2026
  3. EndringerIngen
  4. ResultatIkke kunngjort

Beskrivelse

Den 24,5 km lange Lærdalstunnelen på E16 mellom Aurland og Lærdal i Vestland fylke skal oppgraderast. Tunnelen oppfyller ikkje alle krav i Tunnelsikkerhetsforskriften, og krava til elsikkerheit har endra seg sidan tunnelen vart opna i år 2000. Det er omfattande tiltak som må gjennomførast for at tunnelen skal oppfylle dagens standardkrav. Sprengingsarbeida i hovudløpet skal utførast som nattarbeid, og i denne perioden vil tunnelen vere stengt frå kl. 18.00 til 06.00. Dette er eit svært inngripande tiltak, spesielt med tanke på lokaltrafikken, som i realiteten ikkje har noko omkøyringsalternativ. Som avbøtande tiltak skal det derfor settast opp eit kollektivtilbod mellom Aurland og Lærdal, på ettermiddags/kveldstid. Persontransporten skal gå gjennom stengt tunnel med pågåande anleggsarbeid. Transporten skal gå etter ei fastlagd rute, og passasjerane må bestille plass på førehand. Før kvar tur må anleggsleiinga kontaktast for å klarere at det er farbart gjennom tunnelen. Sjåførane må gjennomgå spesialopplæring med HMS-gjennomgang før arbeida startar opp.

Om konkurransen

Slik det står i kunngjøringen

Prosedyre
Åpen anbudskonkurranse
Kontraktstype
Tjenester
Kontraktsperiode
07.09.2026 – 30.06.2028
Opsjoner
Ved tidlegare ferdigstilling av oppgraderingsarbeida i tunnelen, eller dersom transporttilbodet ikkje blir tatt i bruk, kan avtalen seiast opp med 2 månaders varsel. Avtalen kan forlengast med inntil 6 månader, 1 månad om gongen.
Rammeavtale
Ingen/nei
Oppdragsgivers referanse
26/22773
Sted
Lærdalstunnelen, 6886 Lærdal
Regelverk
Direktiv 2014/24/EU

Frister og innlevering

Tilbudsfrist
06.05.2026 kl. 12:00Fristen er passert
Tilbudet må stå ved lag
6 uker
Elektronisk innlevering
Obligatorisk
Språk
norsk
eFaktura
Obligatorisk
Elektronisk katalog
Ikke tillatt
Klagefrist
Ved eventuelle klager vedrørande konkurransen som bringes inn for Klagenemnda for offentlege anskaffelser skal følgjande nemning nyttast av innklaga i klagen: Statens vegvesen v/Utbygging

Tilbud leveres i oppdragsgivers verktøy: åpne innleveringen

Kriterier og krav

Tildelingskriterier

  • Pris
    Slik vurderes det

    Tilbydar blir valt blant dei kvalifiserte tilbydarane. For å vere kvalifisert må ein oppfylle alle kvalifikasjonskriteria. Den som har det økonomisk mest fordelaktige tilbodet av dei kvalifiserte tilbydarane blir valt.

Kvalifikasjonskrav

  • 2.2 Leverandørens organisatoriske og juridiske stilling Kvalifikasjonskrav: Leverandøren skal vere eit lovleg etablert føretak. Leverandøren skal ikkje vere ei eining som er ramma av forbodet i sanksjonsforskrift Ukraina § 8n, og skal heller ikkje støtte seg på verksemder i strid med § 8n. Leverandøren skal inneha løyve for persontransport etter yrkestransportlova §4. Dokumentasjonskrav: 1. Attest frå Foretaksregistret eller tilsvarande attest for lovbestemt registrering i det land leverandøren eller dei verksemder som i fellesskap vil utgjere leverandøren, jf. B2 punkt 4.2, er etablert, og …
  • 2.3 Leverandørens tekniske og faglege kvalifikasjonar 2.3.1 Relevant erfaring Kvalifikasjonskrav: Leverandøren skal ha tilstrekkeleg erfaring frå gjennomføring av persontrafikk av relevant art og vanskegrad.Dokumentasjonskrav: • Ei liste over inntil 3, og minimum 1 kontrakt(er) som leverandøren har gjennomført eller gjennomfører i løpet av dei siste tre åra rekna frå tilbodsfristen. • Beskriving av kva kontrakten gjekk ut på • Tidspunkt for leveransen. • Referanseperson/kontaktperson hos oppdragsgivar med kontaktdata (telefonnummer og e-postadresse), og vedkommande si rolle hos byggherre …
  • 2.3.2 Leverandøren sin kapasitet Kvalifikasjonskrav: Leverandøren skal ha tilstrekkeleg kapasitet, i form av menneskelege og tekniske ressursar, til å gjennomføre kontrakten. Dokumentasjonskrav: • Ei beskriving av tal på sjåførar og kva transportutstyr leverandøren rår over for å gjennomføre kontrakten. • Ei beskriving av leverandøren sin gjennomsnittlege årlege arbeidsstyrke og tal på medarbeidarar i leiinga i løpet av dei siste tre åra .

Slik de står i kunngjøringen. De fullstendige kravene står i konkurransedokumentene.

Bransje (CPV)

Konkurransedokumenter

Lenken er den oppdragsgiveren har publisert. Noen verktøy krever innlogging.

Oppdragsgiver og kontakt

Statens vegvesen · org.nr. 971032081 · Selskapsprofil i Aktie · Oppdragsgiverens side i Anbud

Kontaktperson
Kristine Hamre
Telefon
+47 97741544
Adresse
Skoggata 19, 1500 Moss
Type oppdragsgiver
Statlige myndigheter · Alminnelig offentlig tjenesteyting
Klageinstans
Oslo tingrett

Kunngjøringer og historikk

Kunngjøringer på Doffin

Hver kunngjøring kan åpnes. En endring viser hva oppdragsgiver skrev, og hva som faktisk er annerledes.

Hva som har skjedd

  1. Tilbudsfristen er passertEndret: frist
  2. Konkurranse publisert

Flere anbud fra Statens vegvesen

  1. 18-2027-03 Hålogaland · Åpen for tilbud
  2. 56-2027-01 Finnmark 1 · Åpen for tilbud
  3. 18-2027-02 Salten · Åpen for tilbud
  4. 56-2027-02 Finnmark 2 · Åpen for tilbud
  5. 55-2027-01 Troms · Åpen for tilbud

Se alle 776 anbud fra Statens vegvesen