Søk
Konkurranse Åpen for tilbud

Totalentreprise for pumptrack-anlegg på Lærdalsøyri - Lærdal sykkelpark

Oppdragsgiver: Lærdal kommune

Doffin

Siste endring 06.11.2026Henter hva oppdragsgiveren skrev …Se endringen

  1. PlanleggingIngen forhåndskunngjøring
  2. Konkurranse03.11.2026
  3. Endringer06.11.2026
  4. ResultatEtter 02.12.2026

Beskrivelse

Bakgrunn Lærdal ungdomsråd har sidan 2024 arbeidd for å få etablert eit pumptrack-anlegg på Lærdalsøyri. Saka vart handsama politisk hausten 2025, då formannskapet vedtok at kommunalt areal kan nyttast til tiltaket. Det er løyvd midlar til prosjektet i 2026, og kommunen ønskjer å kontrahera totalentreprenør til prosjektet i 2026 med ferdigstilling innan juni 2027. Formålet med anskaffinga er å etablera eit attraktivt og funksjonelt aktivitetsanlegg for ungdom, med tilbod som fremjar fysisk aktivitet, sosialt samvær og gode møteplassar. Anlegget skal vera ein naturleg samlingsstad for ungdom i sentrumsnære omgjevnader mellom sentrum og fjorden. Sykkelparken skal samstundes i størst mogleg grad kunne nyttast av barn og andre brukargrupper. Plasseringa stiller særlege krav til utforming og gjennomføring. Området ligg sentralt ved innfallsporten til Lærdal og i nærleik til Gamle Lærdalsøyri. Det er difor viktig at anlegget vert godt tilpassa landskap, omgjevnader og verneverdig miljø, og at det held høg estetisk kvalitet. Beskrivelse av oppdraget Lærdal kommune ønskjer å inngå kontrakt om totalentreprise for prosjektering og bygging av eit pumptrack-anlegg på Lærdalsøyri. Oppdraget omfattar ei samla leveranse frå prosjektering til ferdig opparbeidd anlegg. Leverandøren skal også gjennomføra prosess med byggjesøknad. Leveransen skal omfatta eit pumptrack-anlegg med god flyt og ei utforming som er tilpassa ulike aldersgrupper og ferdigheitsnivå. Anlegget skal i tillegg vera ein møteplass med opphaldssone og møblering. Det skal leggjast til rette for trygg ferdsel i og rundt området. Leveransen skal inkludera belysning i samsvar med NS-EN 12193 Idrettsbelysning og krav til denne type anlegg. Universell tilkomst skal inngå som ein del av den samla løysinga. Løysingsforslaget skal ta omsyn til nærleik til veg, ferdsel og verneverdig miljø, og skal utformast med vekt på landskapstilpassing, tryggleik og estetikk. Oppdragsgivar har tilgang på knuste tunnelmassar som skal nyttast i oppbygginga av anlegget der massane er eigna til føremålet, og leverandøren skal leggja dette til grunn i prosjekteringa og utføringa. Lærdal kommune er i ferd med å etablera ein gangveg mellom sentrum og fjorden. Pumptrack-anlegget er planlagt i tilknyting til denne, og tilkomstveg mellom pumptracken og gangvegen skal inngå i totalleveransen. Me viser elles til vedlagde dokument. Anskaffinga gjeld eit prosjekt med planlagd kontrahering ved årsskiftet 2026/2027 og ferdigstilling innan 1.juni 2027.

Om konkurransen

Slik det står i kunngjøringen

Prosedyre
Åpen anbudskonkurranse
Kontraktstype
Bygge- og anleggsarbeid
Kontraktsperiode
21.12.2026 – 01.06.2027
Opsjoner
Planlagd oppstart rundt årsskiftet 2026/2027 med ferdigstilling innan 1.juni 2027.
Rammeavtale
Ingen/nei
Oppdragsgivers referanse
cmvj8tpf5000008jtwg0gq6c1
Sted
6887 Lærdal
Regelverk
https://lovdata.no/eli/forskrift/2016/8/12/974

Frister og innlevering

Tilbudsfrist
02.12.2026 kl. 12:00om 5 dager
Tilbudet må stå ved lag
60 dager
Elektronisk innlevering
Obligatorisk
Språk
norsk
Flere tilbud fra samme tilbyder
Ikke tillatt
eFaktura
Obligatorisk
Elektronisk katalog
Ikke tillatt

Tilbud leveres i oppdragsgivers verktøy: åpne innleveringen

Kriterier og krav

Tildelingskriterier

  • Pris30 %
    Slik vurderes det

    Evaluering av samla tilbudspris for totalentreprisen.

  • Løysingsforslag40 %
    Slik vurderes det

    Vurdering av kvaliteten på løysinga for pumptrack-anlegget, inkludert funksjonalitet, fleire brukarsoner, flyt, trygg ferdsel, universell tilkomst, landskapstilpassing og estetisk kvalitet tilpassa friområdet og verneverdig miljø.

  • Miljø og materialbruk30 %
    Slik vurderes det

    Vurdering av korleis leverandøren nyttar knuste tunnelmassar der dei er teknisk eigna, og korleis løysinga støttar ressursutnytting og sirkulær materialbruk i prosjektet.

Kvalifikasjonskrav

  • Kvalifikasjonskrav som beskrevet i konkurransegrunnlaget

Slik de står i kunngjøringen. De fullstendige kravene står i konkurransedokumentene.

Bransje (CPV)

Konkurransedokumenter

Lenken er den oppdragsgiveren har publisert. Noen verktøy krever innlogging.

Oppdragsgiver og kontakt

Lærdal kommune · org.nr. 954681890 · Selskapsprofil i Aktie · Oppdragsgiverens side i Anbud

Kontaktperson
Lærdal kommune
Telefon
+47 91 57 84 54
Adresse
Øyraplassen 7, 6887 Lærdal
Type oppdragsgiver
Kommunale myndigheter · Alminnelig offentlig tjenesteyting
Klageinstans
SOGN OG FJORDANE TINGRETT

Kunngjøringer og historikk

Kunngjøringer på Doffin

Hver kunngjøring kan åpnes. En endring viser hva oppdragsgiver skrev, og hva som faktisk er annerledes.

Hva som har skjedd

  1. Ingen endringer etter kunngjøringen ennå.

Flere anbud fra Lærdal kommune

  1. Arbeid i samband med etablering av nye lokale for Sogn barnevern i rådhuset i Lærdal · Åpen for tilbud
  2. Rammeavtale for bedriftshelsetenester · Åpen for tilbud
  3. Planfagleg bistand til områderegulering for flaumsikring av Lærdalsøyri · Avgjort
  4. Læremiddel til grunnskulen - INSS · Fristen er passert
  5. Anskaffing av tenester for næringsutvikling i Sognaregionen · Fristen er passert

Se alle 25 anbud fra Lærdal kommune