Intensjonskunngjering: Tenestekonsesjon – kantine Åsane vgs og kulturhus nye vilkår
Oppdragsgiver: Vestland fylkeskommune
- PlanleggingIngen forhåndskunngjøring
- KonkurranseIngen kunngjøring
- EndringerIngen
- Resultat11.06.2025
Beskrivelse
Vestland fylkeskommune ved Åsane vidaregåande skule ønskjer å inngå kontrakt med ein leverandør for drift av kantine ved nye Åsane vgs og kulturhus. Oppdragsgjevar vil ikkje betale tilskot eller liknande, og leverandøren er sjølv økonomisk ansvarleg for drift av kantinen. Oppdragsgjevar stiller lokalar og utstyr til disposisjon. Oppdragsgjevar ønskjer seg eit attraktivt og inkluderande kantinekonsept, både for skulelevar og andre besøkande i bygget og for kafé, servering og skjenking også ettermiddag / kveld og helgar som del av samarbeidet med Bergen kommune om seksjonen Åsane kulturhus og bibliotek. Me ynskjer å inngå avtale med Spekter Pluss AS for tenestekonsesjonsavtale for drift av kantinen ved Åsane vgs og kulturhus frå august 2025 til juli 2026 med opsjon for forlenging inntil fire år. Førre gong denne konkurransen vart kunngjord var Spekter Pluss AS einaste leverandør som leverte tilbod. Me håpa at me skulle finna interesserte leverandørar slik at ein anbodskonkurranse kunne gjennomførast. Difor kunngjorde Vestland fylkeskommune den 24. februar 2025 ein RFI der ein etterspurde aktørar i marknaden som kunne tilby drift av denne kantinen. Ved utløpet av fristen for å melde interesse, 10.03.2025, hadde Vestland fylkeskommune ikkje motteke nokon førespurnadar frå andre leverandørar som kan tilby denne tenesta. På bakgrunn av utlyst RFI 24.02.25 har Vestland fylkeskommune tatt ei avgjersle om å inngå ny avtale med noverande leverandør som driftar denne kantinen, Spekter Pluss AS. Det er oppdragsgivars vurdering at anskaffinga gjeld ytingar som berre ein viss leverandør kan levera fordi konkurranse er umogleg av tekniske årsaker, og at eineleverandørunntaket i FOA § 13-4 bokstav b nr. 2, er oppfylte. Innvendingar mot denne tildelinga kan sendast til OPK ved Andrea Celeste Jensen på e-post andrea.celeste.jensen@vlfk.no innan 20.06.2025.
Om konkurransen
Slik det står i kunngjøringen
- Prosedyre
- Konkurranse med forhandling uten forutgående kunngjøring
- Kontraktstype
- Tjenester
- Oppdragsgivers referanse
- VLFK/25/167
- Sted
- Åsane Senter 52, 5116 Bergen
- Regelverk
- Direktiv 2014/23/EU
Bransje (CPV)
Oppdragsgiver og kontakt
Vestland fylkeskommune · org.nr. 821311632 · Selskapsprofil i Aktie · Oppdragsgiverens side i Anbud
- Kontaktperson
- Andrea Celeste Jensen
- Telefon
- +47 05557
- Adresse
- Askedalen 2, 6863 LEIKANGER
- Type oppdragsgiver
- Fylkeskommunal myndighet · Alminnelig offentlig tjenesteyting
- Klageinstans
- Hordaland tingrett
Kunngjøringer og historikk
Kunngjøringer på Doffin
Hver kunngjøring kan åpnes. En endring viser hva oppdragsgiver skrev, og hva som faktisk er annerledes.
Hva som har skjedd
- Intensjon om direkte tildeling publisert
Flere anbud fra Vestland fylkeskommune
- Innkjøpstenester til Vestland fylkeskommune · Åpen for tilbud
- Anskaffing av ny rammeavtale for handverktøy · Avgjort
- Slåtthaug vgs · Åpen for tilbud
- Anskaffing av hotelltenester - enkeltovernattingar · Avgjort
- 4604 Bergen Os Austevoll 2027 - 2032 · Åpen for tilbud