Søk
Ikke tildelt Avgjort

Utskifting av personheis i kommunehuset i Fjaler

Oppdragsgiver: Fjaler kommune

Doffin
  1. PlanleggingIngen forhåndskunngjøring
  2. Konkurranse11.11.2026
  3. EndringerIngen
  4. Resultat25.11.2026

Resultat

Utfall
Ingen vinner ble kåret og konkurransen er avsluttet.
Tilbud mottatt
0

Fra resultatkunngjøringen 2026-118273, publisert 25.11.2026. Verdier står slik oppdragsgiver har oppgitt dem.

Beskrivelse

Bakgrunn Fjaler kommune har behov for å skifte ut eksisterande personheis i kommunehuset. Heisen er frå 1979 og har nådd slutten av forventa levetid. Vidare drift av dagens anlegg inneber auka risiko for driftsstans, meir krevjande vedlikehald og redusert funksjonalitet for brukarar av bygget. Kommunehuset er eit offentleg bygg i dagleg bruk av innbyggjarar, tilsette og besøkande. God tilgjenge, trygg ferdsel og stabile tekniske løysingar er derfor viktig for den ordinære drifta av bygget. Utskifting av heisen er nødvendig for å sikre ei framtidsretta løysing som støttar universell utforming og påliteleg bruk over tid. Anskaffinga gjeld utskifting av heis i eksisterande heissjakt i eit bygg som er i drift. Leverandørane må derfor leggje til grunn at arbeidet skal planleggjast og gjennomførast på ein måte som tek omsyn til tryggleik, samordning og minst mogleg ulempe for den daglege verksemda i kommunehuset. Det er vurdert som formålstenleg å gjennomføre anskaffinga som ei totalentreprise etter NS 8407. Dette inneber at entreprenøren får ansvar for både prosjektering og utføring av leveransen, innanfor dei funksjons- og ytingskrava som går fram av konkurransegrunnlaget. Val av NS 8407 skal bidra til tydeleg ansvarsplassering, betre samordning av dei ulike delane av leveransen og ein meir heilskapleg gjennomføringsmodell for utskifting av heisen i eksisterande bygg. Oppdragsgivar har vurdert miljø som tildelingskriterium, jf. regelverket sine krav til å innrette anskaffinga slik at ho gir reduserte klima- og miljøbelastningar der dette er relevant. For denne anskaffinga er det likevel vurdert at det ikkje er formålstenleg å nytte 30 prosent miljøvekting. Bakgrunnen er at oppdraget gjeld utskifting av ein personheis i ein eksisterande heissjakt, der dei bygningsmessige og tekniske rammene i stor grad er fastlagde på førehand. Dette avgrensar handlingsrommet for vesentleg ulike miljøløysingar mellom leverandørane. Det er vidare vurdert at dei mest sentrale miljøeigenskapane ved leveransen i stor grad kan sikrast gjennom kravspesifikasjonen og kontraktsvilkåra, til dømes gjennom krav til energieffektiv drift, val av eigna og haldbare komponentar, avfallshandtering, ombruk og forsvarleg sortering ved demontering av eksisterande anlegg, samt krav til dokumentasjon av relevante produkt- og materialval. Når slike forhold blir stilte som minimumskrav, vil miljøomsynet bli ivareteke på ein meir målretta og føreseieleg måte enn gjennom høg vekting i evalueringa. Oppdragsgivar har òg lagt vekt på at konkurransen i hovudsak bør skilje mellom tilbydarane ut frå kvalitet, gjennomføringsevne, driftstryggleik, kompetanse og evne til å gjennomføre arbeidet i eit bygg som er i dagleg bruk. Dette er forhold som i denne anskaffinga har særleg stor betydning for behovsdekkinga og den samla verdien av leveransen. Ei miljøvekting på 30 prosent ville etter oppdragsgivar si vurdering kunne gi eit mindre treffsikkert evalueringsgrunnlag, fordi skilnadene mellom tilboda på miljø truleg vil vere avgrensa og vanskelege å måle på ein objektiv og etterprøvbar måte. På denne bakgrunnen er det vurdert at klima- og miljøomsyn best blir ivaretekne gjennom konkrete og obligatoriske krav i konkurransegrunnlaget, framfor å nytte 30 prosent vekting som tildelingskriterium. Løysinga er vurdert å vere i samsvar med anskaffinga sin karakter, marknaden og kravet til forholdsmessig og relevant innretting av konkurransen. Skildring av oppdraget Oppdraget omfattar prosjektering, levering og installasjon av ny personheis i eksisterande heissjakt i kommunehuset i Fjaler. Formålet er å få på plass eit nytt heisanlegg som gir trygg, stabil og brukartilpassa drift, og som er eigna for langsiktig forvaltning og vedlikehald. Leveransen skal omfatte dei naudsynte aktivitetane for å skifte ut eksisterande anlegg, inkludert oppmåling, demontering av gammal heis, prosjektering, levering og montering av ny heis, testing, idriftsetjing, dokumentasjon og overlevering. Entreprenøren skal ha eit samla ansvar for gjennomføringa og for å levere ei komplett løysing innanfor dei eksisterande bygningsmessige rammene, i samsvar med NS 8407. Den nye heisen skal vere tilpassa eksisterande sjakt og utformast med vekt på universell utforming, driftstryggleik, kvalitet og lågt vedlikehaldsbehov. Det er vidare ønskjeleg med ei robust løysing som legg til rette for god tilgang på service og reservedelar over tid. Oppdraget omfattar også gjennomføring i eit bygg som er i bruk. Entreprenøren må derfor planleggje og utføre arbeidet på ein trygg og ryddig måte, med nødvendig sikring av arbeidsområde og god samordning med bygget si daglege drift. Tilbod om service og oppfølging etter overlevering vil inngå som del av anskaffinga. Eventuelle atterhald eller forbehold skal gå klart og tydeleg fram av tilbodsbrevet. Forbehold som ikkje er opplyste om i tilbodsbrevet, kan bli sette til side ved evalueringa.

Om konkurransen

Slik det står i kunngjøringen

Prosedyre
Åpen anbudskonkurranse
Kontraktstype
Bygge- og anleggsarbeid
Kontraktsperiode
11.01.2027 – 25.06.2027
Rammeavtale
Ingen/nei
Oppdragsgivers referanse
cmw4okdrs000007l2ofw8xa45
Sted
Dalstunet 20, 6963 Fjaler
Regelverk
https://lovdata.no/eli/forskrift/2016/8/12/974

Frister og innlevering

Tilbudsfrist
16.12.2026 kl. 12:00Gjelder ikke lenger: konkurransen er avsluttet
Tilbudet må stå ved lag
60 dager
Elektronisk innlevering
Obligatorisk
Språk
norsk
Flere tilbud fra samme tilbyder
Ikke tillatt
eFaktura
Obligatorisk
Elektronisk katalog
Ikke tillatt

Tilbud leveres i oppdragsgivers verktøy: åpne innleveringen

Kriterier og krav

Tildelingskriterier

  • Service og oppfølging10 %
    Slik vurderes det

    Vurdering av serviceorganisering, responstid ved feil, tilgang til lokal eller nær servicekompetanse, plan for oppfølging etter overlevering og korleis leverandøren sikrar stabil drift, vedlikehald og tilgang på modular og reservedelar i levetida. For dette kriteriet vektes responstid 50% og ekstra garantitid 50% Responstid 10 poeng - 4 timer eller mindre 8 poeng - 4 - 8 timer 6 poeng - 8 - 12 timer 3 poeng - 12 - 24 timer 0 poeng - meir enn 24 timer Ekstra garantitid utover 24 mnd 10 poeng - 72 mnd eller meir ekstra 8 poeng - 48 mnd ekstra 5 poeng - 24 mnd ekstra 2 poeng - 12 mnd …

  • Pris50 %
    Slik vurderes det

    Evaluering av samla tilbodspris for komplett leveranse, inkludert prosjektering, demontering, levering, montering, testing, idriftsetjing, dokumentasjon og eventuelle prisa delar av service/oppsfølging slik konkurransegrunnlaget fastset. Opsjon inngår i evaluert pris

  • Gjennomføring og oppgåveforståing15 %
    Slik vurderes det

    Vurdering av leverandøren si forståing av oppdraget og plan for trygg, ryddig og effektiv gjennomføring i bygg i drift, inkludert framdrift, sikring av arbeidsområde, soneavgrensing, dørutskifting éin og éin, samordning og handtering av risiko for ulemper for dagleg drift. Poeng - Vurdering 10 - Svært god løysing med dokumenterte eigenskapar klart utover minimumskrava 8 - God løysing med fleire dokumenterte meirverdiar 6 - Tilfredsstillande løysing som oppfyller krava godt 4 - Nokre svakheiter eller avgrensa dokumentasjon 2 - Vesentlege svakheiter 0 - Mangelfull eller ikkje evaluerbar …

  • Løysing og kvalitet25 %
    Slik vurderes det

    Vurdering av kor godt den tilbodne heisløysinga er tilpassa eksisterande sjakt, utnyttar sjaktmåla, oppfyller krav til universell utforming, og tilbyr robustheit, driftstryggleik, modulbasert oppbygging, lang levetid og lågt vedlikehaldsbehov med god reservedelstilgang over tid. Kvalitetskriteria vert vurderte etter ein skala frå 0 til 10 poeng, der 10 poeng blir gitt til det tilbodet som etter oppdragsgivar si vurdering best oppfyller kriteriet. Øvrige tilbod blir vurderte relativt opp mot dette. Vurderinga byggjer på innsend dokumentasjon og opplysningar gitt i tilbodet. Poeng - …

  • Klima og miljø0 %
    Slik vurderes det

    Oppdragsgiver har vurdert hovedregelen om minimum 30% miljøvekting for anskaffelse av personheis over 4 etasjer. Der er bestemt å ikkje nytte miljø som eit vekta tildelingskriterium fordi klima og miljøomsyn vert ivareteke vesentleg meir effektivt og med større miljøeffekt gjennom minimumskrav i kravspekk, kombinert med eit sirkulert levetidskriterie. Ei markedsundersøking viser at ein rein poengkonkurranse på miljøytelse under drift (td energiklassifisering) har liten reell effekt i dette markedet fordi tilnærma alle relevane leverandører tilbyr same standardiserte energiklasse (ISO 25745 …

Kvalifikasjonskrav

  • Kvalifikasjonskrav som beskrevet i konkurransegrunnlaget

Slik de står i kunngjøringen. De fullstendige kravene står i konkurransedokumentene.

Bransje (CPV)

Konkurransedokumenter

Lenken er den oppdragsgiveren har publisert. Noen verktøy krever innlogging.

Oppdragsgiver og kontakt

Fjaler kommune · org.nr. 864968422 · Selskapsprofil i Aktie · Oppdragsgiverens side i Anbud

Kontaktperson
Fjaler kommune
Telefon
57738000
Adresse
Dalstunet 20, 6963 Dale i Sunnfjord
Type oppdragsgiver
Kommunale myndigheter · Alminnelig offentlig tjenesteyting
Klageinstans
SOGN OG FJORDANE TINGRETT

Kunngjøringer og historikk

Kunngjøringer på Doffin

Hver kunngjøring kan åpnes. En endring viser hva oppdragsgiver skrev, og hva som faktisk er annerledes.

Hva som har skjedd

  1. Konkurransen er avlyst på DoffinEndret: status på Doffin
  2. Delkontrakt avsluttet uten tildelingEndret: delkontrakter
  3. Resultat publisert
  4. Konkurranse publisert

Flere anbud fra Fjaler kommune

  1. Rammeavtale for bedriftshelsetenester · Åpen for tilbud
  2. 8215 Utbetring av tilkomst til badestrand · Avgjort
  3. Læremiddel til grunnskulen - INSS · Fristen er passert
  4. 2231 Fureneset bru · Avgjort
  5. Rammeavtale - Legemiddel og Multidose - Innkjøpssamarbeidet i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn (INSS) · Fristen er passert

Se alle 30 anbud fra Fjaler kommune